EU gir ny journalistpris for innsatsen mot spionvareprogram

EU-parlamentet gir sin nyoppretta journalistpris til nettverket som avslørte spionvareprogrammet Pegasus.
utenriks

Det såkalla Pegasus-prosjektet vart starta etter at materiale om spionvareprogrammet vart leke til journalistsamarbeidet Forbidden Stories og menneskerettsorganisasjonen Amnesty International i fjor.

Samarbeidet førte til avsløringar i sommar om korleis journalistar og opposisjonspolitikarar rundt om i verda vart overvakt via Pegasus, eit spionvareprogram utvikla av det israelske selskapet NSO.

Amnesty og over 80 internasjonale journalistar samarbeidde om avsløringa. Dei fekk mellom anna tak i ei liste med mange tusen telefonnummer som kundar av NSO hadde vore interesserte i.

– Vi forstod fort at dette var eit veldig viktig, men farleg prosjekt, fastslår Sandrine Rigaud frå Forbidden Stories på prisutdelinga på torsdag.

Daphne Caruana Galizia

Pegasusprosjektet er det første som får EU-parlamentets Daphne Caruana Galizia -pris. Caruana Galizia var ein kjend gravejournalist på Malta. Ho vart drepen i eit attentat i 2017 like etter at ho hadde skrive fleire artiklar der ho skulda regjeringsmedlemmer og personar med nære samband til regjeringa for korrupsjon.

Caruana Galizia-prisen skal delast ut årleg for å påskjønne journalistikk som «fremmer eller forsvarer EUs grunnleggjande verdiar og prinsipp: menneskeverd, fridom, demokrati, likestilling, rettsstat og menneskerettar».

Lover auka støtte

EU -kommisjonen har elles nyleg lova å auke støtta til sårbare journalistar, mellom anna gjennom eit lovforslag neste år om «europeisk mediefridom».

Både EU-parlamentet og EUs ministerråd diskuterer samtidig korleis ein kan jobbe for betre forhold for journalistar. Journalistar blir i mange land i dag prøvd hindra i arbeidet sitt gjennom at dei blir trua, blir saksøkte og blir stilte for retten fordi dei gjer jobben sin.

– 65 journalistar vart drepne rundt om i verda i 2020, og eg er redd for at 2021 vil gi oss liknande tal, sa Anthony Bellanger, generalsekretær i International Federation of Journalists IFJ, under prisutdelinga i Brussel.

(©NPK)