EMA vurderer ny koronamedisin frå AstraZeneca

EUs legemiddelbyrå EMA har byrja prosessen med å vurdere ein ny koronamedisin frå AstraZeneca som skal forhindre koronasmitte blant vaksne.
utenriks

Den britisk-svenske vaksineprodusenten AstraZeneca har utvikla kombinasjonsmedisinen Evusheld, som skal forhindre covid-19 blant vaksne. Det opplyser EMA torsdag.

Dei første testresultata indikerte at medisinen gav effektivt vern mot sjukdommen.

EMA vurderer alle data no, og det er ikkje kjent når ei avgjerd vil bli teken. Produsenten har enno ikkje søkt om godkjenning for den europeiske marknaden.

Førebels har berre legemiddelet Remdesivir vorte godkjent av EU til behandling av koronapasientar.

(©NPK)