Boeing har funne ny feil på 787 Dreamliner

Boeing må gjere ytterlegare arbeid på flytypen 787 Dreamliner, som ikkje er levert enno, etter å ha avdekt endå ein feil på flyet.
utenriks

Selskapet vart gjort merksame på feilen av ein leverandør som sa at fleire delar var feilprodusert, seier ein talsperson for Boeing torsdag.

– Medan undersøkinga vår går føre seg, har vi fastslått at dette ikkje gir omgåande risiko for flyturar for den aktive flåten, seier Boeing-talsmannen.

Boeing stoppa leveransane og skrudde ned produksjonen av 787-typen i mai på grunn av fleire andre problem med flya. Selskapet prøver òg å semjast med det amerikanske luftfartsstyresmakta (FAA) om korleis dei skal inspisere flya.

(©NPK)