Bali blir opna opp for nordmenn og andre turistar

Indonesiske styresmakter opnar opp turistøya Bali for reisande frå 19 land, blant dei Noreg.
utenriks

Torsdag sleppte turistar inn på øya med kvite sandstrender og ei turistnæring som har vore sveltefôra sidan pandemien slo til.

Det er krav om vaksinasjon, negativ test, karantene i fem dagar på hotellet og strenge reglar i offentlegheita for turistane som vil ta turen dit.

Reglane vil gjelde på hotella, restaurantane og strendene.

– Vi må gjere dette forsiktig, fordi vi framleis må vere på vakt, seier Luhut Binsar Pandjaitan, koronaminister på Java og Bali.

Turistindustrien er den største på Bali, som er heimen til meir enn 4 millionar menneske. Det er anslått at 92.000 jobbar forsvann i industrien, medan økonomien på øya krympa med 9,31 prosent i fjor.

(©NPK)