Overfiske sender den kinesiske fiskeflåten til fjerne farvatn

Overfiske i eige kinesisk farvatn gjer at den største utanlandsflåten i verda seglar halvvegs rundt jorda på jakt etter sjømat utanfor Sør-Amerika.
utenriks

Nyheitsbyrået AP og den amerikanskbaserte spansktalande kringkastaren Univision var i sommar gjester om bord på Ocean Warrior, fartøyet til miljøvernorganisasjonen Sea Shepherd. Under den 18 dagar lange sjøreisa kom dei i nærkontakt med kinesiske fartøy utanfor Sør-Amerika.

Der fekk dei det første glimtet: Nesten 300 kinesiske fartøy hadde segla halvvegs rundt jorda for å fiske opp humboldtblekkspruten, ein tiarma blekksprut som lever på store havdjup i Stillehavet utanfor Sør-Amerika.

Mannskapet på Ocean Warrior noterte ned den elektroniske identifikasjonen til 37 av fartøya på papir før dei forsvann frå radaren. To av fartøya gjekk i svart ved at den påbodne sporinga som viser posisjonen på skipa, vart skrudd av. Andre heldt fram med å sende ut signal, men med ulike nummer, eit teikn på mogleg forkludring.

Størst i verda

Ekspedisjonen i sommar vart utløyst av internasjonalt oppstyr sommaren året før, då hundrevis av kinesiske fartøy vart oppdaga på blekksprutfiske nær Galápagosøyane – øygruppa som er tilhaldsstad for nokre av verdas mest utryddingstrua artar.

Den kinesiske utstasjoneringa i dette aude og enorme området er ikkje tilfeldig. Fleire tiår med overfiske har sendt den utanlandske fiskeflåten i landet stadig lenger unna heimlege farvatn.

Utanlandsflåten i Kina er den største i verda og består offisielt av 3.000 fartøy. Men flåten kan truleg bestå av fleire tusen fleire fartøy.

Å halde oppe ein så omfattande flåte på havet, nokre gonger i fleire år utan stans, er både ei teknisk bragd mogleggjort ved hjelp av milliardbeløp i statlege subsidiar, og ei kjelde til nasjonal stoltheit, på linje med kva romfartsprogrammet til USA har vore for generasjonar av amerikanarar.

Overfiske

Styresmaktene i Beijing seier dei har nulltoleranse overfor ulovleg fiske. Dei viser til nylege endringar som innføring av mellombels stans i blekksprutfiske på ope hav, som bevis på miljøforvaltninga i landet.

Det høyrer òg med til saka at dei som no kritiserer Kina, blant dei USA og Europa, i fleire tiår sjølv har plyndra verdshava.

Men den enorme storleiken på den kinesiske flåten og den nylege framkomsten til farvatna utanfor Sør-Amerika, har skapt frykt om at bestandane i desse områda kan bli tømde. Det er òg bekymring knytt til at fråvær av effektiv kontroll kan føre til auka ulovleg fiske.

Nyleg erklærte den amerikanske kystvakta ulovleg fiske som den største maritime tryggingstrusselen. Tidlegare var piratverksemd øvst på lista.

Samtidig ønskjer miljøaktivistar avgrensingar på fiske, som del av forhandlingane som er undervegs om den første opne hav-traktaten nokosinne. Traktaten kan, når han står ferdig, føre til betydeleg auka internasjonalt samarbeid for å regulere dei tradisjonelt lovlause havområda som omfattar nesten halve planeten.

Lovbrot

Av dei 30 fartøya som AP observerte frå nært hald, hadde 24 ein historikk med skuldingar om misbruk av arbeidskraft, tidlegare domfellingar for ulovleg fiske, eller teikn på moglege brot på maritime lover.

Samla sett understrekar dette korleis dei opne havområda nær dei amerikanske kontinenta, der USA lenge har dominert og der Kina prøver å skaffe seg innverknad, har vorte ein magnet for dei verste lovbrytarane i sjømatindustrien.

Spesifikt har 16 av fartøya anten segla med dei lovpålagde radiosignal-overførarane slått av, kringkasta fleire elektroniske identifikasjonskodar, eller sendt ut informasjon som ikkje stemde overeins med det oppgitte namnet til fartøya og lokalisering. Dette er avvik som ofte blir knytte til ulovleg fiske, sjølv om AP ikkje såg bevis for at dei kinesiske fartøya var involverte i ulovlege aktivitetar.

Seks skip var eigd av selskap som har vore skulda for tvangsarbeid, blant dei fartøyet Chang Thai 802, som ifølgje det indonesiske mannskapet om bord har måtta halde seg på havet i fleire år.

Ni andre skip blir skulda for ulovleg fiske andre stader i verda, medan eit stort tankskip som forsyner fiskeflåten med drivstoff, Ocean Ruby, blir drive av ei bedrift som blir knytt til eit selskap mistenkt for å ha selt drivstoff til Nord-Korea, eit brot på FNs sanksjonar.

Eit anna skip, Fu Yuan Yu 7880, blir drive av eit selskap knytt til Nasdaq-listeførte Pingtan Marine Enterprise. Dei amerikanske leiarane til dette skipet har fått dei amerikanske visuma sine inndregne etter skuldingar om koplingar til menneskehandel.

– Plyndring

– Beijing eksporterer overfiskeproblemet sitt til Sør-Amerika, seier kaptein Peter Hammarstedt, som er kampanjeleiar for Nederland-baserte Sea Shepherd.

– Kina er i stor grad ansvarleg for plyndringa av hai og tunfisk i Asia, seier han vidare.

– Med ein slik historikk, skal vi verkeleg tru på at dei vil vareta dette nye fiskeriet ansvarleg?, seier han.

Humboldtblekkspruten lever i næringsrike straumar utanfor sørvestkysten av Sør-Amerika. Førekomsten er overveldande, og nokre forskarar meiner talet kan vere i auke på grunn av oppvarming av havet og etter at dens naturlege fiendar, hai og tunfisk, har vorte fiska opp.

Men biologar seier at dei aldri har stått overfor ein trussel som liknar den industrielle eksplosjonen som kinesisk fiske i desse farvatna utgjer.

– Vill Vest

Talet på fartøy som seglar under kinesisk flagg i det sørlege Stillehavet har tidobla seg frå 54 aktive fartøy i 2009 til 557 fartøy i 2020, ifølgje South Pacific Regional Fisheries Management Organization (SPRFMO), ei mellomstatleg gruppe beståande av 15 land som skal sikre bevaring og berekraftig fiske.

I same periode har fangsten auka frå 70.000 tonn til 358.000 tonn.

Fisket går nesten alltid føre seg berre om natta då kvart fiskefartøy skrur på hundrevis av kraftige lys for å tiltrekkje seg dei raske blekksprutane. Lyskonsentrasjonen er så intens at ho kan bli sett frå verdsrommet på satellittbilete. Der kan ein sjå dei store fiskeflåtane skine sterkt som om dei var store byar på land.

– Det er verkeleg som det ville Vesten. Ingen har ansvar for å halde oppe lova der ute, seier Hammarstedt.

Ekspertar åtvarar at sjølv om blekkspruten finst i mange, så er han sårbar for overfiske. Det er ikkje kjent kor mange humboldtblekksprutar som finst, men ekspertar viser til at arten er forsvunnen frå farvatn i Argentina, Mexico og Japan.

– Dersom ein har tilgang på ein stor ressurs og han er lett å forsyne seg av, så er det lett å falle i fella og tenkje at ressursen er uavgrensa, at han er som talet på stjerner på himmelen. Om menneskja går inn for det, finst det inga grense for kva skade vi kan påføre, seier marinbiolog William Gilly ved Stanford University.

Kina-mobbing

Kritikk av fiskeriverksemda til Kina i fjerne farvatn har ført til visse reformer. I fjor innførte landet strengare straff mot selskap som blir tekne for lovbrot, mellom anna manipulering av radiosendarar.

Kinesiske styresmakter har òg styrkt krava for utsending av signal frå skipa, innført anløpsforbod for svartelista skip, og innført fiskepause på blekksprut utanfor sesongen i havområde utanfor Argentina og Ecuador.

Verken utanriksdepartementet til Kina, fiskeridirektoratet eller bransjeorganisasjonen COFA (Chinese Overseas Fisheries Association) har svart på gjentekne førespurnader frå AP om intervju eller svar på detaljerte lister med spørsmål.

Marinbiolog Daniel Pauly meiner mykje av kritikken av den kinesiske fiskeriflåten rundt Galápagos kan knytast til aukande anti-kinesiske straumdrag i USA og sensibilitet knytt til Beijings aukande nærvær i det som tradisjonelt har vorte vurdert som Washingtons bakgard.

Innføring av restriksjonar på fiske på store havdjup er noko som burde kunne diskuterast som del av forhandlingane rundt ope hav-traktaten, og kan vere ein meir effektiv måte å innskrenke dei kinesiske aktivitetane på enn ved å mobbe landet, meiner Pauly.

– Kina gjer ikkje noko som Europa ikkje har gjort på nøyaktig same måte. Den einaste forskjellen er at alt Kina gjer er så stort at ein ser det, seier Pauly.




(©NPK)