Stoltenberg om Afghanistan: – Vi kan framleis slå til utan tusenvis av soldatar på bakken

Nato-generalsekretær Jens Stoltenberg seier organisasjonen framleis skal hindre terrorangrep frå Afghanistan, og meiner at ikkje alt ein oppnådde er tapt.
utenriks

– Mykje av det verdssamfunnet oppnådde er tapt. Men ikkje alt. Og viktige ting vart oppnådd. Hovudformålet med å gå inn i Afghanistan var å kjempe mot terror. I tjue år har Afghanistan ikkje vore eit friområde for internasjonal terror, seier Stoltenberg til Dagens Næringsliv.

Han innrømmer at menneskerettar blir krenkt, kvinner blir undertrykte og pressefridommen blir innskrenka.

– Men sjølv ikkje der har vi mista alt. Mange har fått utdanning i desse åra. Det lèt seg ikkje reversere. Så alt er ikkje tapt og forgjeves i Afghanistan, seier generalsekretæren.

Han seier Nato kan kjempe mot terrorisme i Afghanistan utan å ha tusenvis av soldatar i landet.

– Nato har både viljen og evna til å gå inn militært igjen. Det må vi vere førebudde til. Vi hadde ikkje greidd å kjempe mot al-Qaida utan militære maktmiddel. Det same har vi gjort med IS. Og det har vore brei støtte i det internasjonale samfunnet for det. Men terskelen må alltid vere høg.

(©NPK)