Minst éin drepen og fleire skadde i skyteepisode i USA

Éin person vart drepen og 12 andre skadde i ein skyteepisode på ein supermarknad i Collierville aust for Memphis i den amerikanske delstaten Tennessee.
utenriks

Hendinga fann stad inne i ein Kroger-butikk i Collierville, eit forstadsområde om lag 50 kilometer aust for Memphis, torsdag ettermiddag.

Politisjef Dale Lane seier at politiet gjekk frå midtgang til midtgang i butikken for å finne folk som hadde gøymt seg.

– Vi fann folk som hadde gøymt seg i fryseskap og låste kontor, seier Lane.

Gjerningsmannen, som politiet meiner handla åleine, vart funnen død på parkeringsplassen utanfor butikken. Han døydde etter å ha skote seg sjølv, ifølgje Lane.

Han opplyser at i alt 13 personar vart skotne og at 12 av dei vart frakta til sjukehus. Tilstanden er svært alvorleg for fleire av dei skadde. Talspersonen i byen Jennifer Casey opplyser til CNN at det er snakk om 14 skadde.

Identiteten til gjerningsmannen er ikkje offentleggjord, og det er ikkje klart kva som var vedkommandes motiv. Den lokale kanalen WREG-TV siterer ei kjelde i politiet på at den antekne gjerningsmannen var ein tilsett som fekk sparken torsdag, melder Reuters.

Kroger, som er ei stor amerikansk daglegvarekjede, seier ei fråsegn at heile «Kroger-familien tilbyr våre tankar, bønner og støtte til enkeltpersonar og familiane til offera i denne vanskelege tida».

(©NPK)