Blinken: Det kjem til å ta tid å byggje opp att forholdet til Frankrike

USAs utanriksminister Antony Blinken seier at det kjem til å ta tid å reparere banda til Frankrike i kjølvatnet av den bitre konflikten om ein ubåtkontrakt.
utenriks

– Vi erkjenner at det kjem til å ta tid og hardt arbeid, og det kjem til å bli bevist ikkje berre med ord med òg handlingar, sa Blinken.

Han gjentok bodskapen frå telefonsamtalen mellom presidentane Joe Biden og Emmanuel Macron om at Australias kansellering av ubåtkontrakten med Frankrike kunne vore tent med «open konsultasjon mellom allierte».

Blinken uttrykte òg respekt for den franske utanriksministeren Jean-Yves Le Drian, som først gav Blinken er kald skulder på FNs hovudforsamling i New York denne veka.

Le Drian sa etter ein samtale med den amerikanske kollegaen sin, at det vil ta tid å løyse ubåtkrisa. Han har tidlegare om omtalt kontraktbruddet som «eit svik».

– Eg er oppteken av å samarbeide tett med Le Drian om denne viktige saka, sa Blinken etter møtet.

(©NPK)