600.000 deltok i klimaprotestar i Tyskland

Greta Thunberg stod fredag i spissen for dei største klimaprotestane sidan starten av pandemien. Over 600.000 menneske deltok i Tyskland, ifølgje arrangørane.
utenriks

Den svenske aktivisten talte til ei stor menneskemengd framfor Riksdagsbygningen i Berlin, to dagar før det tyske valet.

– Det er tydelegare enn nokon gong at det ikkje finst noko politiske parti som er i nærleiken av å gjere nok, sa Thunberg (18).

– Du må stemme, men hugs at det ikkje er nok. Vi må halde fram med å gå i gatene.

Over hundre tusen menneske var til stades, ifølgje The Guardian. Liknande demonstrasjonar vart haldne i over 470 andre tyske byar.

Nesten hundre land

Også ei rekkje andre stader i verda var det fredag klimademonstrasjonar. Det vart halde over 1.800 protestar i nesten hundre land, ifølgje arrangørane.

Talet på deltakarar varierte, og mellom anna i India var det mindre grupper av ungdommar som møtte opp.

Hovudfokuset for aktivistane var denne gongen Tyskland, der miljøvernarar beskriv det kommande valet som det viktigaste på eit hundreår.

– Vi har vasskatastrofar, brannkatastrofar, verda brenn. Dette er aller siste åtvaring, sa Christiane Koetter-Lietz (69), som deltok i demonstrasjonen i Berlin saman med barn og barnebarn.

Annalena Baerbock, som leier partiet De grøne, deltok i ein demonstrasjon i Köln. Ho hevdar i eit intervju med Die Welt at Tyskland berre kan få ein «klimaregjering» viss partiet hennar får stor oppslutning.

Lagt på is

Demonstrasjonane fredag blir beskrivne som ein ny global klimastreik av rørsla Fridays for Future.

Under ein tilsvarande internasjonal protest i 2019 vart det anslått at fleire millionar menneske deltok. Då pandemien ramma verda, måtte likevel Thunberg og ungdomsrørsla leggje dei fysiske demonstrasjonane på is.

I mange fattige land der få menneske er vaksinerte, er det framleis ikkje mogleg å gjennomføre store arrangement. Men i Europa har vaksinasjonen kommen langt nok til at aktivistane igjen kan marsjere i gatene.

Før valet i Tyskland har alle dei store partia understreka viktigheita av å kjempe mot klimaendringane. Leiaren i sosialdemokratane Olaf Scholz takka fredag aktivistane på Twitter.

Demonstrantane i Berlin kravde likevel at partia må gjere langt meir for å få ned utsleppa av klimagassar.




(©NPK)