Frankrike: Vil ta tid å løyse ubåtkrisa

Det vil ta tide å løyse ubåtkrisa, åtvara Frankrikes utanriksminister Jean-Yves Le Drian i ein samtale med den amerikanske kollegaen sin Antony Blinken.
utenriks

Dei to utanriksministrane snakka saman torsdag i samband med FNs hovudforsamling.

Presidentane Joe Biden og Emmanuel Macron hadde dagen før ein telefonsamtale. Dette var eit første steg mot forsoning, meiner Le Drian.

Krisa i forholdet mellom USA og Frankrike vart utløyst av at Australia skrota ein lukrativ ubåtavtale med Frankrike.

Bakgrunnen er at Australia sluttar seg til forsvarssamarbeidet Aukus med USA og Storbritannia. Dermed får australiarar kjøpe amerikanske atomubåtar i staden for dieseldrivne ubåtar frå Frankrike.

(©NPK)