Tonar ned frykta for ei ny finanskrise trass kinesisk kollaps

Konkursfaren for det kinesiske eigedomsselskapet Evergrande har fått dei globale marknadene til å rase nedover. Men frykta for ei ny finanskrise blir tona ned.
utenriks

Evergrande er Kinas nest største bustadutbyggjar. Problema har dei siste åra tårna seg opp for det megastore selskapet. Evergrande har i dag ei gjeld på over 2.600 milliardar kroner.

Det har fått bekymra investorar verda over til å minnast Lehman-augneblinken. Det vil seie dagen då Wall Street-giganten, investeringsbanken Lehman Brothers gjekk konkurs i 2008.

Med konkursen braut tilliten i finansvesenet saman, det vart vanskeleg å få tilgang til kapital både for bankar og næringsliv. Politikarar og sentralbankar verda rundt måtte gripe inn for å redde eigne bankar. Hundrevis av milliardar vart brukte til kriselån og rentekutt.

Krisa fekk store økonomiske og sosiale ringverknader verda over.

Ei form for redningspakke

Dei fleste ekspertar er likevel samde om at den kinesiske staten neppe vil ønskje at kinesiske bustadkjøparar hamnar i uføre, og at dei vil komme med ei eller anna form for redningspakke.

Ekspertane tviler dermed òg på at vi står framfor ein ny «Lehman Brothers-situasjon» fordi forholda rundt Evergrande er ulike.

Lehman Brothers var ein bank på leirføter, bygd på usikra bustadlån innpakka som sikre investeringsobjekt. Lånepakkene fekk tvilsame garantiar av ratingbyrå, men var ettertrakta i ein marknad prega av mykje ledig kapital.

Kelvin Wong meiner at det ikkje er tilsvarande situasjon i Evergrande.

– Eg trur meir dette er snakk om ein nervøsitet som smittar over på verda, seier han.

Vurderingsbyrået S&P skreiv i ein rapport denne veka at den kinesiske staten sannsynlegvis vil gå inn, men berre viss dei trur Evergrande-krisa vil forårsake store konsekvensar for heile økonomien.

S&P trur ikkje at ein Evergrande-konkurs åleine vil resultere i eit slikt scenario.

Evergrande voks årleg

Evergrande vart grunnlagt i 1996 og har sidan vakse år for år. Det har i dag over 1.300 prosjekt i over 280 byar. Totalt er det snakk om rundt halvannan million bustader under bygging. 200.000 menneske skal vere direkte sysselsett i byggjeprosjekta.

I tillegg skal rundt 3,8 millionar andre arbeidsplassar vere knytte opp til andre aktivitetar som selskapet er involverte i. Evergrande har investert i mellom anna underhaldningsparkar, elektrisk bilproduksjon, turisme og helsetenester.

Evergrande kjøpte òg for nokre år sidan den populære, kinesiske fotballklubben Guangzhou FC, som i fleire år har lege på toppen av den kinesiske superligaen

Veksten finansiert med lån

Så kva er problemet til det tilsynelatande suksessrike selskapet?

Veksten til Evergrande er i stor grad finansiert med lån, og selskapet har no ei enorm gjeldsbyrde.

Gjelda utgjer i dag over 300 milliardar dollar (over 2.600 milliardar kroner). Det svarer til rundt 2 prosent av den kinesiske BNP-en.

Vanskane for Evergrande starta for alvor då den kinesiske regjeringa innførte reguleringar for å avgrense den enorme gjelda som er opparbeidd i den kinesiske eigedomssektoren.

Evergrande fekk problem med å fullføre påbyrja byggjeprosjekt. Det gjekk deretter ut over salet, som er avgjerande for å betale tilbake gjelda.

I slutten av denne veka forfell ein del av avdraga på Evergrandes gjeld. Onsdag melder Evergrandes eigedomsselskap Hengda at det er forhandla fram ein avtale om å betale renter verd 232 millionar yen, tilsvarande 36 millionar dollar.

Avtalen med dei kinesiske obligasjonseigarane sikrar at selskapet kan betale eitt av avdraga sine.

Stor nervøsitet

Situasjonen har utløyst stor nervøsitet i finansmarknadene.

Dersom det skulle komme til ein ukontrollert konkurs, vil det kunne gi eit kraftig fall i bustadmarknaden. Det vil ramme fleire millionar kinesiske bustadeigarar, og bustadkjøparar vil hamne i uføre.

Kinesarar har allereie demonstrert mot Evergreen. Dei krev mellom anna tilbakebetaling av sparepengar som dei har late selskapet forvalte for dei. Viss dei mistar alle sparepengane sine, kan det utvikle seg til ei stor sosial uro i Kina.

Kina er blant dei største importørane i verda av råvarer, ikkje minst gjeld dette byggsektoren. Mindre etterspurnad frå Kina vil dermed òg føre til færre fraktoppdrag.

Finansekspertar fryktar at uroa og mangel på tilliten til bustadsektoren i Kina vil spreie seg og gi alvorlege ringverknader for finanssektoren rundt om i heile verda – og dermed òg skade veksten globalt sett.

Kva gjer styresmaktene?

Alle auge er derfor no retta mot den kinesiske regjeringa. Eigedomssektoren er svært viktig for den kinesiske økonomien. Sektoren er anslått til å utgjere nærare ein femdel av BNP, og etter pandemien har han vore ein avgjerande motor for å få økonomien opp å stå igjen.

Ein konkurs i eit så stort selskap som Evergrande vil utvilsamt få store konsekvensar.

Men sidan Evergrande er eit privat selskap, kan regjeringa kjenne seg mindre forplikta til å trå til med tiltak for å redde selskapet frå konkurs. Styresmaktene kan ønskje å statuere eit døme og vise at ingen firma er for store til å mislykkast – og at ingen bør stole på at staten kan kausjonere dei ut.


(©NPK)