FN: USAs deportering av haitiske migrantar kan vere i strid med folkeretten

FN er svært bekymra over USAs deportering av haitiske migrantar, og åtvarar om at amerikanarane kan handle i strid med folkeretten.
utenriks

Det kvite hus har fått sterk kritikk for å sende fly på fly med migrantar tilbake til kriseramma Haiti.

Krisa auka etter at bilete vart offentleggjorde av ridande grensevakter med pisk-liknande reimar som tvinga migrantar ned mot elva Rio Grande. Fleire har påpeika at bileta av ein kvit maktperson på hest som kontrollerer mørkhuda personar er som eit glimt tilbake til slavetida.

USAs minister for innanlands tryggleik, Alejandro Mayorkas, seier han er forferda av bileta, som vart tekne sør i Texas, der tusenvis av migrantar, mange av dei frå Haiti, hadde samla seg i håp om å få komme inn i USA.

Tusenvis samla seg under ei bru for å søkje ly frå sollyset, og forholda i den mellombelse leiren var dårlege.

FNs høgkommissær for flyktningar, Filippo Grandi, seier at han er «sjokkert av bileta av dei elendige forholda under brua i Del Rio i Texas, der meir enn 14.000 haitiarar samla seg etter krevjande reiser».

Han rettar òg skarp kritikk mot politikk som vart innført då Donald Trump var president, som stansar dei aller fleste innkomstane ved grensa, med tilvising til at migrantar kan komme til å spreie covid-19.

I ei fråsegn seier Grandi at utvisingar, utan at det blir undersøkt om alle migrantane har vernebehov, ikkje er i tråd med internasjonale normer. Kanskje kan det sidestillast med å returnere asylsøkjarar til område der dei står i fare for å bli forfølgde, som bryt med folkeretten.

Talskvinne Marta Hurtado for FNs høgkommissær for menneskerettar uttrykte tidlegare tysdag bekymring over at det «tilsynelatande ikkje har vore individuelle gjennomgangar» av sakene til haitiarane.

(©NPK)