Biden tonar ned moglegheita for handelsavtale med britane

President Joe Biden ville ikkje forplikte USA til ein handelsavtale med Storbritannia då han tok imot statsminister Boris Johnson i Det kvite hus.
utenriks

– Vi blir nøydde til å jobbe med det, var Bidens svar på eit spørsmål om handelsavtalen, som britane gjerne vil ha på plass.

Vidare sa Biden at avtalen er noko som «framleis blir diskutert». Ein slik avtale vart lansert som ei av oppsidene ved å gå ut av EU av brexit-tilhengjarane før folkeavstemminga i 2016.

Biden åtvara mot at verken han eller dei republikanske kollegaene hans i Washington ville likt å sjå at irskegrensa blir stengt etter brexit, men insisterte på at dei er «to forskjellige tema».

Bidens partifelle Nancy Pelosi, som er speaker i Representanthuset, knytte førre veke ei open irskegrense saman med moglege handelssamtalar med britane. Den britiske regjeringa er stadig i forhandlingar med EU om tollreglar for Nord-Irland.

Johnson hylla han «store framgangen» i forholdet mellom London og Washington den siste tida, og sa at lempinga av restriksjonar for utlendingar som vil reise til USA, er «fantastisk». Han hadde òg lovord om den nye forsvarsavtalen mellom britane, USA og Australia.

Avtalen, som gjer at Australia får atomdrivne ubåtar frå USA og Storbritannia, har vekt harme i Frankrike.

Franskmennene hadde nemleg sjølv ein lukrativ avtale om å levere ubåtar til australiarane, og meiner seg ført bak lyset av nære allierte. Dei får støtte frå EU-toppar og fleire andre europeiske allierte.

(©NPK)