Trudeau i trøbbel før valet i Canada

Statsminister Justin Trudeau var lei av å leie ei mindretalsregjering og kunngjorde nyval. Men han kan ha skote seg sjølv i foten.
utenriks

Dei siste meiningsmålingane tyder i alle fall ikkje på at Trudeaus liberale parti vil få noko fleirtal i nasjonalforsamlinga.

Både Dei liberale og Dei konservative får i overkant av 30 prosent på målingane, ifølgje nyheitsbyrået AFP. Utfallet verkar dermed ganske ope under ei veke før valet 20. september.

– Trudeau kan igjen ende opp med ei mindretalsregjering. Men han leikar med elden, seier André Lamoureux, professor i statsvitskap ved Universitetet i Quebec.

– Håpar på takksemd

Trudeaus plan var å auke oppslutninga slik at han kunne styre vidare med eit fleirtal bak seg i underhuset i parlamentet.

Etter ein forholdsvis vellykka handtering av pandemien håpa han veljarane ville vere takksame, skriv The Economist. Canada har registrert 26.900 koronadødsfall, og sett i forhold til storleiken på befolkninga er det under ein tredel av dødstalet i USA.

Men valplanane til statsministeren fekk raskt kritikk. Mange reagerte på at han kunngjorde nyvalet same dag som Taliban rykte inn i Kabul og den Nato-støtta afghanske regjeringa kollapsa.

I tillegg er Canada inne i ei fjerde smittebølgje.

– Dette er ikkje tida for å halde val. Kvifor kunngjorde du nyval midt i ein pandemi? spurde Dei konservatives leiar Erin O'Toole i ein TV-debatt førre veke.

Klimakritikk

Av dei to store partia er det Dei konservative som ligg lengst til høgre. Og til venstre for Dei liberale ligg Nytt demokratisk parti (NDP), som får rundt 20 prosent på målingane.

Situasjonen betyr at det er noko uklart korleis O'Toole skal kunne danne ei stabil regjering viss ikkje Dei konservative får fleirtal på eiga hand.

NDP-leiar Jagmeet Singh har kritisert klimainnsatsen til regjeringa og sagt at Canada ikkje har råd til fire år til med Trudeau. Men han har òg sagt at NDP ikkje har noko til felles med Dei konservative.

Bloc Québécois, som ønskjer auka sjølvstyre for den fransktalande Quebec-provinsen, ønskjer ikkje å gå i koalisjon med nokon av dei større partia.

Oljeland

Sjølv om Canada er 26 gonger så stort som Noreg i areal, finst det ein del likskapstrekk mellom landa.

Til liks med Noreg er Canada eit oljeproduserande Nato-land, langt mot nord, med tette samband til USA og store område med barskog.

Den canadiske valkampen og samfunnsdebatten den siste tida har òg vore prega av tema som er attkjennande sett med norske auge. Pandemien, nederlaget i Afghanistan og klimaendringane har vorte hyppig diskutert.

Klimaendringane fekk auka merksemd etter at Canada i sommar vart ramma av ei ekstrem hetebølgje og store skogbrannar. Samtidig prøver canadiske politikarar balansere behovet for utsleppskutt med omsynet til oljenæringa.



(©NPK)