Over 20 utlendingar bortførte frå hotell i Mexico

Over 20 utlendingar frå Haiti og Cuba er funne i live langs ein vegkant, truleg forlatne av gjerningsmenn som hadde bortført dei frå eit hotell i Mexico.
utenriks

Påtalemakta i delstaten San Luis Potosí opplyste natt til onsdag norsk tid at 22 utlendingar, blant dei tre barn og ei gravid kvinne, er funne i live. I tillegg var det 16 mexicanarar i gruppa som vart funnen langs ein vegkant.

Dei vart funne av nasjonalgarden utanfor byen Matehuala etter at ein person ringde og varsla om at det sat ei gruppe menneske langs vegen og bad om hjelp.

Det er uklart om utlendingane er migrantar. Dei første meldingane gjekk ut på at det dreidde seg om over 20 migrantar, dei fleste frå Haiti og Venezuela, men nyheitsbyrået AP melde seinare at utlendingane var frå Haiti og Cuba.

Utlendingane vart bortførte frå Hotel Sol y Luna i Matehuala før daggry tysdag då væpna menn kom i tre køyretøy og tok seg inn på hotellet. Dei tok med seg menn og kvinner som overnatta på hotellet. Gjerningsmennene skal òg ha teke med seg gjesteboka til hotellet.

Meir kostbare opplegg for å smugle migrantar som kjem til Mexico og som vil ta seg vidare til USA, omfattar ofte overnatting på små hotell på ferda nordover.

Organiserte gjengar krev gjerne ei avgift frå kvar migrant som tek seg gjennom kvar gjengs territorium. Viss avgifta ikkje blir betalt, eller viss ei rivaliserande smuglargruppe ser på migrantane som ei moglegheit, risikerer migrantane å bli bortførte.

(©NPK)