Nord-Korea og Sør-Korea trappar opp testing av nye rakettar

Sør-Korea skaut onsdag opp ein rakett frå ein ubåt for første gong. Det skjedde berre timar etter at nabolandet i nord hadde prøveskote langtrekkjande rakettar.
utenriks

Sørkoreanske styresmakter opplyser at president Moon Jae-in personleg var på våpentesten på onsdag.

I ei fråsegn opplyser styresmaktene at raketten vart fyrt av frå ein 3.000 tonns ubåt, før missilet deretter ramma det planlagde målet.

Sør-Korea blir dermed det sjuande landet i verda med ein slik type våpenteknologi.

Nyheita kjem berre timar etter at nabolandet Nord-Korea skaut opp to langtrekkjande rakettar i det som er andre våpentesten i landet på få dagar.

Dei nordkoreanske rakettane vart skotne frå eit område sentralt i landet og passerte ut over austkysten i morgontimane onsdag, opplyser den sørkoreanske generalstaben i ei fråsegn.

Etterretningstenestene i både Sør-Korea og USA er i ferd med å analysere detaljar om dei nordkoreanske rakettane og ferda deira. Den japanske kystvakta har stadfesta at begge rakettane landa utanfor den økonomiske sona i landet, i havet mellom Japan og Koreahalvøya.

Det ser ut til at det denne gongen var to langtrekkjande, ballistiske rakettar som vart prøvde ut. Måndag melde statlege medium i Nord-Korea om at det militære hadde testa nyutvikla, langtrekkjande kryssarrakettar.

Rakettane skal då ha vore i lufta i litt over to timar og treft mål 1.500 kilometer unna. Det statlege nyheitsbyrået KCNA kalla kryssarrakettane «eit strategisk våpen av stor betydning».

Nord-Korea er underlagt ei rekkje internasjonale sanksjonar som følgje av utviklinga av atomvåpen og langtrekkjande, ballistiske rakettar i landet. Men det er ikkje innført noko internasjonalt forbod mot nordkoreanske kryssarrakettar.



(©NPK)