Nesten alle gorillaer i dyrepark koronasmitta

Minst 18 av dei 20 gorillaene i dyreparken i Atlanta i den amerikanske delstaten Georgia har testa positivt for koronavirus.
utenriks

Minst fire av gorillaene er smitta med deltavarianten.

Gorillaene bur tett saman i grupper på fire og det er derfor umogleg å halde dei skilde. Gorillaer som risikerer å utvikle komplikasjonar som følgje av koronaviruset, blir behandla med medikament, opplyser dyreparken.

Dei første positive testane vart stadfesta fredag etter at tilsette hadde merka at gorillaene hosta, hadde rennande nase og viste endringar i appetitten.

Utbrotet starta berre nokre dagar før dyreparken hadde uttrykt håp om å få tilgang på veterinærvaksinar til gorillaene.

Det er ingen bevis for at gorillaene kan smitte menneske med viruset, og besøkjande i dyreparken er for langt unna til å ha nærkontakt med gorillaene, påpeikar leiinga i parken.

(©NPK)