Medium: Guvernøren i California overlever tilbakekallingsval

Den demokratiske guvernøren i California, Gavin Newsom, ligg an til å vinne det såkalla tilbakekallingsvalet i delstaten, melder amerikanske medium.
utenriks

Etter at meir enn 60 prosent av stemmene er talde, ser Newsom ut til å ha fått støtte til å halde fram i embetet frå rundt to tredelar av veljarane.

Ifølgje New York Times dreier det seg i første omgang om oppteljing av førehandsstemmer. Stemmer avlagde på valdagen tysdag, står att å telje.

Republikanarane lykkast i å samle inn nok underskrifter til at det måtte haldast eit såkalla tilbakekallingsval.

– «Nei» er ikkje det einaste veljarane har gitt uttrykk for i kveld. Eg ønskjer å fokusere på det som vi sa «ja» til som delstat: Vi sa ja til vitskap, vi sa ja til vaksinar, vi sa ja til å avslutte denne pandemien, sa Newsom på ein pressekonferanse då over 60 prosent av stemmene var talde.

– Takk til alle saman, til 40 millionar amerikanarar, til 40 millionar californiarar, takk for at de sa nei til denne tilbakekallinga, sa Newsom, ifølgje CNN.

Koronafrustrasjon

Tilbakekallinga var i byrjinga organisert av nokre få enkeltpersonar, men vaks raskt sidan frustrasjonen har auka i samband med pandemien. Mange har sett seg leie på koronatiltaket i delstaten, mellom anna krav om at lærarar, helsearbeidarar og offentleg tilsette må vaksinere seg, og dessutan at barn er nøydde til å bruke munnbind på skulen.

Organisatorane trong rundt 1,5 millionar signaturar for å få sett i gang tilbakekallingsvalet.

Republikanske veljarar hadde håpa at valresultatet ville vise at den stadig aukande pandemifrustrasjonen ville føre til at veljarane ville vende ryggen til demokratane.

Radiovert nådde ikkje opp

Dersom over 50 prosent hadde stemt for å avsetje Newsom, ville den av dei 45 andre kandidatane som fekk flest stemmer, vorte ny guvernør.

Den republikanske radioverten Larry Elder ville sannsynlegvis ha erstatta Newsom dersom Newsom måtte gå av. Guvernøren har sjølv omtalt Elder som «meir ekstrem enn Trump», medan president Joe Biden har kalla han «det nærmaste ein kjem ein klone av Trump».

Også TV-stjerna Caitlyn Jenner melde seg på, men fekk liten fart på kampanjen sin. Forretningsmannen John Cox, som tapte guvernørvalet mot Newsom i 2018, ønskte no å gjere eit nytt forsøk. Cox tok med ein bjørn på valkampen sin og peika på seg sjølv som «udyret», medan han omtalte Newsom som «skjønnheita». Det ser altså ikkje ut til å ha freista veljarane tilstrekkeleg.

Historisk guvernør

Newsom ser med det ut til å bli den andre guvernøren i historia til USA som overlever eit tilbakekallingsval. Republikanaren Scott Walker i Wisconsin vart i 2012 den første som overlevde eit slikt val.

I utgangspunktet låg Newsom godt an sidan California i fleire tiår har vore ei demokratisk høgborg, der ingen republikanar har vore guvernør sidan Arnold Schwarzenegger hadde rolla frå 2003 til 2011.

Resultatet gjer Newsom til ein prominent skikkelse i den nasjonale demokratiske politikken, og samtidig styrkjer resultatet hans sjansar i framtidige valkampar.

Sjølv om Larry Elder ikkje klarte å vippe Newsom av guvernørsetet i denne runden, kan dei to truleg møtast igjen snart. Det er nemleg berre ni månader til neste val i delstaten.


(©NPK)