WHO håpar å gi Afrika fleire vaksinar

Verdshelseorganisasjonen håpar å gi Afrika 30 prosent av koronavaksinane dei treng innan februar neste år, langt unna dei 60 prosent Afrika håpa på.
utenriks

På ein pressekonferanse i Genève tysdag påpeika WHO-direktør Tedros Ghebreyesus igjen det enorme misforholdet mellom rike og fattige lands vaksineratar og kalla det eit problem som kan løysast.

Han bad òg dei store farmasifirmaa prioritere det FN-støtta Covax-initiativet for å forsyne fattige land med vaksinar.

Men farmasiselskap som Pfizer-Biontech og Moderna har ingen planar om å endre taktikk, som for tida inneber å oppmode rike land til å godkjenne ein tredje dose til alle dei fullvaksinerte.

Tedros på si side har bede dei rike landa avstå frå såkalla booster-vaksinar, sjølv om land som Israel, Tyskland og Frankrike allereie har byrja gi dei.

Hittil er mindre enn 4 prosent av Afrikas befolkning fullvaksinert, og dei fleste av 5,7 milliardar vaksinedosar som er sette på verdsbasis, er sette i berre ti av dei rikaste landa i verda.

(©NPK)