Riksadvokat vil sikte Haitis statsminister for presidentdrap

Haitis riksadvokat ber ein dommar sikte statsministeren i landet Ariel Henry for drapet på president Jovenel Moïse i sommar.
utenriks

Det skjer same dag som riksadvokat Bed-Ford Claude bad statsminister Henry møte han for å forklare seg om kvifor ein av dei hovudmistenkte for drapet hadde ringt til Henry to gonger berre få timar etter drapet.

– Det er tilstrekkeleg med kompromitterande element til å ta ut sikting mot Henry og be om at han blir tiltalt, skriv Claude i sin ordre. Han ber òg politiet sørgje for at statsministeren ikkje kan forlate landet.

Ein talsmann for Henry seier statsministeren ikkje er tilgjengeleg for kommentar.

Jovenel Moïse vart skoten og drepen i sin eigen heim 7. juli, og kona hans Martine Moïse vart alvorleg skadd.

Kort tid etter vart over 20 personar arresterte og sikta for drapet; dei aller fleste er utanlandske statsborgarar.

(©NPK)