Kenyas sjukehus har truleg ikkje plass til fleire koronasjuke

Kenya forlengjer eit nattleg portforbod og forbyr offentlege samlingar. Sjukehusa er under hardt press som følgje av auka deltasmitte, åtvarar regjeringa.
utenriks

– Viss du blir sjuk i dag, vil du ikkje få ei sjukehusseng, sa helseminister Mutahi Kagwe på ein pressekonferanse fredag og bad folk om å verne seg sjølv ved å følgje helseråda.

– Eg skremmer dykk ikkje, eg fortel dykk om realitetane, la han til og sa at styresmaktene jobbar med å auke talet på intensivplassar i det austafrikanske landet.

Kenya har opplevd eit byks i talet på påviste koronatilfelle, og delen positive testar var fredag 14 prosent mot rundt 7 prosent i juni.

Fram til torsdag hadde berre 1,7 millionar vaksinedosar vorte sette i landet, som har 52 millionar innbyggjarar.

(©NPK)