Italia kjempar mot hundrevis av skogbrannar

Kampen mot skogbrannane i Italia held fram. Regionane i landet har sendt 34 oppmodingar om å få støtte frå brannfly, opplyste sivilforsvaret torsdag kveld.
utenriks

Førespurnadene kom frå Calabria i sør, Lazio, der hovudstaden Roma ligg, og øyane Sicilia og Sardinia, men det var ikkje kapasitet til å sende fly til alle brannane.

I alt er det meldt om 240 skogbrannar i heile Italia, og styresmaktene seier dei fleste oppstår på grunn av aktlaus og uforsiktig åtferd.

Tørke, sterk varme og kraftig vind har gjort at brannane har spreidd seg dei siste dagane.

I Nord-Italia er situasjonen ein heilt annan. Der har kraftig regnvêr ført til flaum, og spesielt området rundt Comosjøen i Lombardia er hardt ramma.

(©NPK)