Fleire drepne i angrep mot fotballbuss i Somalia

Minst fem menneske er drepne og fleire såra i eit angrep i Somalia mot ein minibuss med fotballspelarar som var på veg for å spele kamp, opplyser politiet.
utenriks

Bussen vart angripen i kystbyen Kismayo fredag.

– Dei var på veg til fotballstadion for å spele ein lokal ligakamp då den kraftige eksplosjonen skjedde, seier politibetjenten Sadiq Mohamud.

– Vi kjenner ikkje motivet. Men vi trur at terrorgruppa al-Shabaab står bak, seier han.

Al-Shabbaab har enno ikkje teke på seg skulda, men dei ytterleggåande islamistane har tidlegare forbode fotballkampar i område dei har kontrollert.

Eksplosjonen kunne høyrast over heile Kismayo, der fleire politikarar og kandidatar fredag var samla til regionalval. President Mohamed Abdullahi Farmajo fordømmer angrepet.

(©NPK)