Fire omkomne i skogbrann i tyrkisk middelhavsby

Minst fire personar har mista livet som følgje av brannane som herjar på kysten av Tyrkia, ikkje langt frå feriestaden Antalya, og meir enn 180 er skadde.
utenriks

Det byrja å brenne på fire ulike stader aust for Antalya onsdag, og styresmaktene etterforskar om brannane er påsette.

Fleire tusen brannfolk kjempar mot flammane på sørkysten av landet. Minst 183 personar er innlagde på sjukehus med brann- og røykskadar.

Bilete i sosiale medium og på tyrkiske TV-kanalar viser folk som forlèt bilane sine og spring for livet gjennom røykfylte gater.

Dei tunge røykskyene gjorde himmelen mørkoransje over eit hotellkompleks ved stranda i byen Manavgat.

Mellom onsdag og torsdag vart det registrert 41 ulike skogbrannar i Tyrkia fordelt på 13 distrikt. Mange av dei vart raskt sløkte.

Men tørke og varme vind førar mange stader til rask spreiing av flammane.

(©NPK)