Den internasjonale romstasjonen hamna ut av posisjon

Ein russisk forskingsmodul som kom til den internasjonale romstasjonen (ISS), sende stasjonen ut av posisjon då han ved ein feil fyrte av ei framdriftseining.
utenriks

Den internasjonale romstasjonen skal ha mista kontrollen i 47 minutt etter hendinga, som skjedde få timar etter at forskingsmodulen kom.

Posisjonen til ISS er avgjerande for kommunikasjon og tilgangen på straum frå solcellepanel.

– Vi har ikkje registrert nokon skadar. Det var ikkje på noko tidspunkt nokon overhengande fare for dei tilsette, seier direktør Joel Montalbano for NASAs International Space Station Program.

Den 22 tonn tunge Nauka-modulen er eit laboratorium som kan brukast til ulike prosjekt om bord og gi forskarane betre plass. Han kopla seg til ISS torsdag etter ei lang ferd med mange manøvrar undervegs.

(©NPK)