Russisk forskingsmodul kopla til romstasjon

Ein russisk forskingsmodul kopla seg torsdag til den internasjonale romstasjonen etter ein åtte dagars ferd i rommet, opplyser kontrollrommet i Bajkonur.
utenriks

Den 22 tonn tunge Nauka-modulen er eit laboratorium som kan brukast til ulike prosjekt om bord og vil gi forskarane betre plass. Den kopla seg til ISS etter ei lang ferd med mange manøvrar undervegs.

Oppskytinga har vorte utsett fleire gonger på grunn av tekniske problem. Den skulle opphavleg ha vore sendt opp allereie i 2007.

I 2013 fann ekspertar forureining i drivstoffsystemet, noko som førte til kostbare reparasjonar. Også andre komponentar i modulen har vore gjennom modernisering i tida etter 2007.

(©NPK)