Jordskjelv utanfor kysten av Alaska

Det vart seint onsdag lokal tid registrert eit massivt jordskjelv utanfor Alaska med ein styrke på 8.2. Jordskjelvet skapte nokre bølgjer, men ingen tsunami.
utenriks

Jordskjelvet hadde episenteret sitt ute i havet, 91 kilometer søraust for byen Perryville i Alaska, ifølgje det amerikanske jordskjelvsenteret USGS.

Det vart sendt ut tsunamivarsel etter skjelvet der dei varsla at det dei kommande tre timane kunne komme farlege bølgjer. På Hawaii vart innbyggjarane bedne om å halde seg borte frå strendene.

Men det vart ingen farlege tsunamibølgjer, og etter nokre timar var den høgaste registrerte bølgja på 21 centimeter.

Med ein styrke på 8.2 er jordskjelvet det kraftigaste som er målt i USA sidan 1965 og på topp ti av dei kraftigaste nokosinne registrert i landet. I 1964 førte eit jordskjelv på 9.2 i same område til at over 250 personar mista livet som følgje av skjelvet og tsunamien.

(©NPK)