Israel tilbyr tredje vaksinedose til folk over 60

Israel vil tilby ein tredje vaksinedose til fullvaksinerte over 60 år, stadfestar statsminister Naftali Bennett.
utenriks

Israel blir dermed det første landet i verda som i brei forstand tilbyr ein såkalla boosterdose av Pfizer/Biontech-vaksinen.

– Røyndommen viser at vaksinane er trygge. Røyndommen viser òg at vaksinane vernar mot alvorleg sjukdom og død. Og som influensavaksinen, må han fornyast frå tid til anna, og slik er det òg i dette tilfellet, sa Bennett i ein TV-sendt tale torsdag kveld.

President Isaac Herzog blir fredag første mottakar av tredje dose, før resten av dei over 60 får tilbodet frå søndag.

Tidlegare i juli fekk pasientar med svakt immunforsvar i landet det same tilbodet.

(©NPK)