Godt resultat for Deutsche Bank

Den tyske banken Deutsche Bank gjekk i andre kvartal med eit overskot på 1,2 milliardar euro, noko som svarer til over 12 milliardar kroner.
utenriks

Resultatet er det beste kvartalsvise resultatet frå banken sidan 2015. Den samla omsetninga til banken var på 6,24 milliardar euro, eller over 65 milliardar kroner, noko som er ein nedgang målt mot same periode i fjor.

For året sett under eitt forventar styret noko høgare inntekter.

(©NPK)