EU: Deltavarianten dominerer i 19 EU-land

Den meir smittsame deltavarianten av koronaviruset dominerer no i 19 EU-land, opplyser Det europeiske smittevernbyrået (ECDC)
utenriks

Data innsamla mellom 28. juni og 11. juli viser at deltavarianten var den vanlegaste varianten. I snitt stod deltavarianten for 68,3 prosent av tilfella i dei 19 landa.

Deltavarianten har allereie vorte påvist i nesten alle EU-land og er venta å halde fram med å spreie seg og erstatte andre variantar.

– Dessverre ser vi auke av den høgt smittsame deltavarianten i regionen vår, seier WHOs Europa-direktør Hans Kluge.

(©NPK)