Rekordhøgt smittetal i Sør-Korea

Sør-Korea har registrert 1.842 nye smittetilfelle av koronavirus det siste døgnet. Det er det høgaste talet på eitt døgn til no i landet.
utenriks

Talet omfattar ei besetning på 270 som var om bord på eit krigsskip som deltok i eit antipiratoppdrag utanfor det austlege Afrika. Dei vart tidlegare i veka sende heim til Sør-Korea etter å ha testa positivt.

Medrekna døgntalet som vart presentert torsdag, har landa registrert totalt 184.103 smitta sidan pandemien braut ut, og dessutan 2.063 koronarelaterte dødsfall.

Dei siste vekene har smittespreiinga skote fart i Sør-Korea, samtidig som vaksinasjonsarbeidet går sakte, folk er mindre årvakne på smittetiltak enn før, og den meir smittsame deltavarianten spreier seg.

(©NPK)