Ingen fysisk skadde i gisseldrama i svensk fengsel

To drapsdømde innsette tok to fengselsbetjentar som gissel i Sverige. Lange forhandlingar og 20 pizzaer enda med at gisseltakarane overgav seg.
utenriks

Gisseldramaet i eit høgtryggingsfengsel i Hällby utanfor Eskilstuna varte i ni timar og enda onsdag kveld med at dei antekne gjerningspersonane overgav seg utan dramatikk.

Politi, innsatsstyrken og helsepersonell rykte ut i stort tal til fengselet då dei to drapsdømde innsette barrikaderte seg i eit vaktrom i like før klokka 12.30. Dei hadde teke to fengselsbetjentar som gislar og dekte til overvakingskameraa.

– Ganske udramatisk

Gislane var ein mann og ei kvinne på rundt 25 og 30 år, og politiet prøvde å overtale dei innsette til å sleppe dei fri.

I 19-tida slapp mannen ut i byte mot 20 pizzaer som politiet henta på ein lokal pizzeria. To og ein halv time seinare var òg kvinna sleppt fri.

– Slik eg forstår det, var det ganske udramatisk, men det tok ei stund å bli samde om korleis det skulle skje. Dei sleppte det andre gisselet fri før dei gav heilt opp, seier stabssjefen til den svenske kriminalomsorga Jörgen From Nordin til nyheitsbyrået TT.

Trua med våpen

Dei to gisseltakarane trua dei tilsette med eit stikkvåpen, ifølgje Aftonbladets kjelder var det heimelaga våpen laga av barberblad festa til tannbørstar.

Ifølgje svenske medium kravde dei først å få eit helikopter, men etter forhandlingar bad dei i staden om å få 20 kebabpizzaer leverte til dei innsette på avdelinga.

– Sidan var det aldri nokre nye krav eller sånt, seier From Nordin, som vil vente med å uttale seg om eit eventuelt motiv eller ein plan.

Éin vikar

Dei to gisseltakarane vart arresterte og sende til politihuset i Eskilstuna, rundt ti mil vest for Stockholm, og politiet avvikla innsatsen ved fengselet. Dei to er sikta for to tilfelle av bortføring.

Mannen og kvinna som vart tekne til fange, har det etter omstenda bra. Ein av dei er ein erfaren og utdanna fengselsbetjent, medan den andre er vikar.

– Gleda med det her er jo at det har gått bra og at ingen har vorte skadde. No får dei reise heim til familiane sine, seier talspersonen til politiet Stefan Wickberg.

Krisehjelp

Kriminalomsorga opplyser at dei vart relativt godt behandla under gisselsituasjonen og at dei blir tekne hand om og får krisehjelp.

Nesten kvar tredje fengselsbetjent i Sverige er ufaglært og deltidstilsett, og det har lenge vorte åtvara om overfylte fengsel og eit auka trusselbilete mot personalet, ifølgje SVT.

Førebels er det ifølgje kriminalomsorga ingenting som tyder på at gisseldramaet kunne skje på grunn av bemanningsproblematikk eller overbelegg.

– Og det er ingenting som tyder på at nokre av betjentane har handla feilaktig, seier From Nordin.

Drapsdømde

Kriminalomsorga stadfesta onsdag at dei to gisseltakarane er dømde for drap.

Ifølgje Expressen er begge dømde til 18 år i fengsel for kvart sitt drap. Den eine, ein 30 år gammal mann, vart dømd i 2016 for saman med ein annan mann ha å drepe ein småbarnsfar med automatvåpen utanfor ein skule.

Den andre, ein 24 år gammal mann, vart dømd i 2019 for å ha drepe mannen han budde hos etter ein fest. Drapet vart gjort med kniv.

Gisselaksjon i 2004

Hällby-fengselet er ein lukka anstalt og har den øvste tryggingsklassifiseringa i det svenske fengselsvesenet. Det er 98 plassar i fengselet.

I 2004 vart ein tilsett teken som gissel av to innsette og trua med eit heimelaga stikkvåpen. Den situasjonen løyste seg då dei innsette gav opp etter seks timar med forhandlingar. Den tilsette vart ikkje fysisk skadd.




(©NPK)