Høgaste talet på koronainnleggingar sidan februar i England

Talet på sjukehusinnleggingar med koronasmitta pasientar i England har stige til det høgaste nivået sidan februar.
utenriks

19. juli låg 752 koronapasientar på sjukehus, viser tal frå NHS England.

Det er ein auke på 21 prosent frå førre veke, og det høgaste daglege talet sidan 25. februar, ifølgje ein analyse frå nyheitsbyrået PA.

Talet omfattar 197 innleggingar i det nordaustlege England og Yorkshire, der auken har vore på 40 prosent frå veka før. For Nordvest-England var auken i same periode på 44 prosent.

Det samla talet innlagde i England er framleis ein del lågare enn då innleggingane var på det høgaste nivået under andre bølgja til pandemien, då talet nådde 4.134 i januar. Men talet viser korleis den tredje bølgja held fram med å føre til ein jamn auke i sjukehusinnleggingar, viser analysen.

Natt til måndag oppheva britiske styresmakter koronatiltaka i England.

(©NPK)