Uroa i Sør-Afrika har kravd over 270 liv

Uroa i Sør-Afrika den siste tida har no kravd 276 menneskeliv, opplyser regjeringa i landet.
utenriks

Det er ein kraftig auke sidan førre fredag, då styresmaktene sa at 212 menneske hadde mista livet.

– Totalt er det rapportert om 234 døde knytt til uroa i KwaZulu-Natal, seier minister Khumbudzo Ntshavheni ved presidentkontoret i ei fråsegn onsdag.

Ytterlegare 42 har mista livet i Gauteng-provinsen, der storbyen Johannesburg ligg. Politiet etterforskar 168 av dødsfalla som drap. Nokre mista livet då dei vart trampa i hel eller treft av gjenstandar, andre omkom i brannar.

Opptøyane braut ut etter at ekspresident Jacob Zuma starta soninga av ein 15 månader lang fengselsstraff 8. juli.

(©NPK)