Tusen evakuerte på grunn av skogbrannar i Canada

Canadas vestlege provins, British Columbia, har erklært unntakstilstand som følgje av store skogbrannar som er venta å spreie seg. Fleire tusen blir evakuerte.
utenriks

– Vi har nådd eit kritisk punkt, seier tryggingsministeren i provinsen, Mike Farnworth.

Han seier at vêret skal forverre seg i dagane framover, noko som betyr høgare temperaturar i kombinasjon med vind.

5.700 er evakuerte i British Columbia, noko som er dobbelt så mange som tysdag. 32.000 har fått beskjed om å førebu seg på evakuering.

(©NPK)