Pizzaen framme hos gisseltakarane i svensk fengsel

20 kebabpizzaer har komme Hällby-fengselet utanfor Eskilstuna, der to innsette har teke to fengselsbetjentar som gislar.
utenriks

Ifølgje Aftonbladet har gisseltakarane kravd 20 kebabpizzaer mot å sleppe fri ein av betjentane. Pizzaene skal etter det som er sagt delast med dei innsette på avdelinga.

Pizzabestillinga vart stadfesta av Hällby pizzeria, som fortel til TT at politiet kom og henta maten.

Politiet seier dei har kontinuerleg kontakt med gisseltakarane, men kunne ved 18-tida ikkje stadfeste om nokon av gislane er lauslatne, skriv Expressen.

– Vi kan stadfeste at maten er på plass og at forhandlingar går føre seg, seier pressetalspersonen til politiet Stefan Wickberg.

(©NPK)