Grønland droppar vaksinekrav i kollektivtrafikken

Grønland nekta denne veka uvaksinerte å bruke kollektivtransport, men styresmaktene på øya har vedteke å oppheve kravet etter få dagar.
utenriks

Kravet om at reisande må ha fått minst éin vaksinedose, vart innført tysdag. Dei nye reglane skulle i utgangspunktet gjelde ut juli, med unntak for reiser til heimstaden.

Onsdag opplyser leiaren for landsstyret, Mute B. Egede, at vaksinekravet blir oppheva laurdag og grunngir det med ein betra smittesituasjon. Han ber folk om å framleis ta koronasituasjonen alvorleg.

Det er for tida 25 aktive smittetilfelle på Grønland. Det er fem færre enn tysdag, men framleis høgt til Grønland å vere. Nesten 60 prosent av grønlendarane har fått minst éin dose. Ein tredel er fullvaksinert.

(©NPK)