Fire kvinner drepne i skyteepisode i Chicago

Åtte personar vart tysdag morgon skotne i Chicago i USA. Fire av dei døydde. Massedrapet er det 18. i landet så langt i år.
utenriks

Dei fire andre er frakta til sjukehus. Tilstanden er kritisk for to av dei og ukjent for resten.

Ifølgje politiet vart skota fyrte av under ein krangel i ein heim i Englewood sør for sentrum, eit område som er prega av ei rekkje valdshendingar. Alle dei fire drepne er kvinner.

Politiet vart varsla like etter klokka 5.40. Etterforskarane prøver no å finne ut om det var meir enn ein gjerningsperson, og er òg på jakt etter vitne, seier talsmannen til politiet Tom Ahern.

Eit barn som oppheldt seg i huset der drapa skjedde, er teken hand om, opplyser han. Drapa skjer få dagar etter at ei kvinne vart drepen og ni andre såra då to menn skaut mot ei menneskemengd på eit fortau i South Side i Chicago. Så langt er ingen arresterte i denne saka.

Ein database over massedrap i USA sett saman av nyheitsbyrået AP, avisa USA Today og Northeastern University, viser at hendinga på tysdag i Chicago er det 18. massedrapet i USA så langt i år. Dette blir då definert som hendingar med fire eller fleire drepne.

Tysdag blir det òg meldt at ein arbeidar drap to og såra to andre på ein fabrikk som lagar brannhydrantar i Albertville i Alabama. Den antekne gjerningsmannen vart seinare funnen død.

(©NPK)