WHO erklærer Filippinane for poliofritt

Det filippinske vaksinasjonsprogrammet mot polio har vore ein suksess. Fredag kunne Verdshelseorganisasjonen (WHO) dele gladnyheita: Filippinane er poliofritt.
utenriks

Den vellykka vaksinasjonskampanjen gir no håp om at også koronavaksinasjonen vil gå bra i landet, som lenge har slite med vaksineskepsis.

Polioen blussa igjen opp på Filippinane i 2019, nesten 20 år etter at dei siste smittetilfella vart påviste i landet. Styresmaktene starta ein landsomfattande kampanje for å vaksinere millionar av barn mot sjukdommen.

Ingen har vorte smitta av polio på Filippinane dei siste 16 månadene, ifølgje helsestyresmaktene.

(©NPK)