Stoltenberg: Nato vil opprette innovasjonssenter og -fond

Nato-toppmøtet vil gå inn for å opprette eit innovasjonssenter og eit fond for å støtte teknologisk utvikling, seier Nato-sjef Jens Stoltenberg.
utenriks

– Eg forventar at vi opprettar ein akselerator for forsvarsinnovasjon, eit teknologisenter, sa Stoltenberg på ein pressekonferanse før toppmøtet på måndag i Brussel.

Nato-sjefen seier forsvarsalliansen vil sørgje for å styrkje det teknologiske forspranget, noko det nye innovasjonssenteret skal bidra til.

– Det skal fremje samarbeid og jobbe med nye bedrifter og med universitet, seier han.

I tillegg skal eit innovasjonsfond bidra til å støtte nyetablerte bedrifter innan forsvars- og tryggingsfeltet, fortel han.

– Vi må investere meir, vi må investere smartare, og vi må investere saman for å nå dei ambisiøse måla våre, seier Stoltenberg.

Han trekte òg fram 2-prosentsmålet, at kvart medlemsland skal bruke minst 2 prosent av bruttonasjonalproduktet (BNP) på forsvar. Noreg klarte dette med eit nødskrik i fjor, til dels fordi BNP-en fall under koronakrisa. I år reknar Nato med at økonomien vil vekse, medan forsvarsutgiftene søkk, sik at Noreg endar på 1,85 prosent.

Ti land ligg an til å hamne over 2 prosent i år, og for alliansen samla sett var Stoltenberg positiv i tonen.

– Vi er på rett spor. Sju år på rad har Canada og dei europeiske allierte auka budsjetta sine. Sidan 2014 er auken på 260 milliardar dollar, seier han og viser til tal som Nato lag fram fredag.

(©NPK)