Regjeringsmakkerane i Israel underskreiv erklæring

Koalisjonen på åtte parti som skal skipe ny regjering i Israel, har skrive under på koalisjonsavtalen.
utenriks

Det er venta at regjeringa vil ta over makta søndag. Fredag vart den formelle koalisjonsavtalen underteikna.

– Dette set punktum for to og eit halvt år med politisk krise, seier den blivande statsministeren, Naftali Bennett frå Yamina-partiet.

Det er ein brokete koalisjon som gjer seg klar til å ta over makta. Bortsett frå motstanden mot statsminister Benjamin Netanyahu, er det lite som sameinar dei åtte partia.

– Regjeringa vil tene som ein samlande union for heile Israels folk. Religiøse, sekulære, ultraortodokse, arabarar, alle utan unntak, seier Bennett.

I regjeringserklæringa blir det innført ei grense på åtte år for kor lenge ein statsminister kan sitje. Benjamin Netanyahu har sete i tolv år.

(©NPK)