Jødiske høgrenasjonalistar får marsjere i Aust-Jerusalem

Høgrenasjonalistiske jødar har fått løyve til å gjennomføre ein omstridd marsj som også vil gå innom det muslimske kvarteret i gamlebyen i Jerusalem.
utenriks

Israels avtroppande regjering gav grønt lys til marsjen, som går av stabelen tysdag, to dagar etter at nasjonalforsamlinga Knesset venteleg godkjenner ei ny regjering, og Benjamin Netanyahus tid som statsminister er over.

Høgrenasjonalistane vil først toge ned gjennom hovudgata i det okkuperte Aust-Jerusalem til Damaskusporten, som leier inn i gamlebyen. Dei får ikkje lov til å bruke porten, men skal halde ein såkalla flaggdans utanfor.

Marsjdeltakarane vil deretter gå inn i gamlebyen via Jaffaporten og innom det muslimske kvarteret før dei samlar seg ved Vestmuren, også kjent som Klagemuren.

Marsjen blir vanlegvis arrangert 10. mai kvart år for å feire den israelske okkupasjonen av Aust-Jerusalem i 1967. I år enda det med kraftige samanstøytar mellom israelske tryggingsstyrkar og palestinske demonstrantar og ein elleve dagar lang krig mellom Israel og Hamas, som kosta 260 palestinarar livet og 13 liv på israelsk side.

USA fryktar at marsjen neste veke skal få konflikten til å blusse opp igjen.

– Det er etter vår meining heilt avgjerande at ein ikkje gjer noko som aukar spenninga. Vi såg alle kva som utløyste den siste oppblussinga av vald, og vi veit alle kor delikat situasjonen er, sa ein talsmann for amerikansk UD onsdag.

(©NPK)