Demonstrasjonar under G7-toppmøtet i Cornwall

Hundrevis av klimaaktivistar prega fredag St. Ives i Cornwall, der leiarane for dei sju største industrinasjonane i verda og EU er samla til toppmøte.
utenriks

Aktivistar i Extinction Rebellion-rørsla marsjerte inn til sentrum av landsbyen, tett overvakte av politiet, som stansa trafikken.

Andre aktivistar, iført raude drakter, gjennomførte ei markering på stranda i håp om å gjere inntrykk på toppleiarane, som dei neste dagane skal diskutere alt frå koronapandemi til kamp mot klimaendringar.

Ein av demonstrantane, 24 år gamle Nat Squire, har små forhåpningar til toppmøtet.

– Dei driv grønvasking. Dei seier at dei skal gjere ting, men har ingen intensjonar om å følgje opp, seier han.

– Dei er i lomma på fossilbrenselindustrien og milliardærane, noko som gjer det vanskeleg for dei å få til endringar, sjølv om dei prøver, seier Squire.




(©NPK)