Økonomisk krise i Libanon fører til alvorleg mangel på medisinar og drivstoff

Apoteka i Libanon har stengt dørene i protest mot alvorleg mangel på forsyningar samtidig som bilistar må stå i timelange køar for å få fylt drivstoff.
utenriks

Farmasøytane i Libanon starta fredag ein todagars streik i protest mot den kritiske mangelen på legemiddel, drivstoff og morsmjølkerstatning i landet.

Libanon slit med den verste økonomiske krisa sidan borgarkrigen, og den akutte varemangelen er ein konsekvens av manglande valutareservar, som er nødvendig for å importere viktige varer.

Apotektilsette seier at dei no manglar alt frå medisinar mot kroniske sjukdommar til smertestillande og morsmjølkerstatning, og dei skuldar distributørane for å hamstre produkt for så seinare å selje dei til ein mykje høgare pris på svartebørsen.

Libanesiske sjukehus sa torsdag at dei neste veke kunne bli tvinga til å stanse dialysebehandling av nyrepasientar.

Slåsting om drivstoff

Det er òg akutt mangel på drivstoff. Fredag stod bilane i kø utanfor bensinstasjonane frå daggry av, og det har vore store trafikkorkar rundt om i landet. Det braut ut slåstkampar blant kundane på fleire bensinstasjonar då nokon insisterte på å fylle ekstra flasker med drivstoff. Mange vart òg tvinga til å stengje.

Drivstoffmangelen kan òg føre til at kraftgeneratorane i landet, som er den viktigaste straumkjelda for mange libanesarar, må skruast av. Ekspertar har òg åtvara om at det internett kan bli utilgjengeleg for folk.

Stor frustrasjon blant folk

– Situasjonen er uuthaldeleg, seier ein mann i Beirut, Rabie Alkajk til AP.

Han var med i ei gruppe unge menn som stengde ei hovudgate med søppelkonteinarar og andre sperringar fredag.

– Apoteka er stengde. Det er ingen medisinar, inga morsmjølkerstatning. Dei gøymer det til dei fjernar subsidiane. Bensinstasjonane er stengde. Det er ingenting, roper han.

Sentralbanken har åtvara den libanesiske regjeringa i fleire månader om at dei ikkje vil vere i stand til å halde oppe subsidiane på medisinar og drivstoff.

– Kva skal eg gjere når sonen min treng mjølk eller bleier. Skal eg seie til han at eg ikkje har pengar til å kjøpe det? Sjølv om eg hadde hatt pengar, hjelper det ikkje, for alt er stengt.

Den libanesiske valutaen har mista 90 prosent av verdien mot dollar sidan 2019. Sidan då har prisane, arbeidsløysa og inflasjonen i landet halde fram med å stige.

Landet har vore under press frå internasjonale finansinstitusjonar om å innføre økonomiske reformer og nedkjempe korrupsjon. Men Libanon, som har slite med å danne ei ny regjering sidan oktober i fjor, har så langt oppnådd lite.



(©NPK)