WHO: Nye smittebølgjer kan ramme Europa

Koronavaksinasjonen i Europa er langt frå tilstrekkeleg til å kunne forhindre nye smittebølgjer, åtvarar Europa-direktøren i WHO.
utenriks

– Vi er langt frå utanfor fare, og vi maner til framleis stor varsemd, seier Hans Kluge, direktør for Europa i Verdshelseorganisasjonen (WHO).

På ein pressekonferanse i København torsdag understreka han at minst 80 prosent av befolkninga må vere fullvaksinerte før krava om å halde avstand kan lempast på, slik WHO vurderer det.

I den regionen som WHO definerer som Europa, har om lag 30 prosent av befolkninga fått minst éin dose medan 17 prosent er fullvaksinerte.

(©NPK)