Macron ber vaksineprodusentane gi bort dosar

Frankrikes president Emmanuel Macron oppmodar legemiddelselskapa til å donere 10 prosent av alle koronavaksinane dei produserer, til fattige land.
utenriks

– At enkeltstatar gir bort vaksinedosar, bør supplerast med donasjonar frå legemiddelfirmaa, sa Macron på ein pressekonferanse torsdag.

Han påpeika at statane har vore med på å finansiere forsking og utvikling av vaksinane, og at det derfor er heilt legitimt å be om bidrag frå vaksineprodusentane til gjengjeld.

I mange fattige land, særleg i Afrika, har vaksinasjonen knapt komme i gang på grunn av den store mangelen på koronavaksinar.

(©NPK)