God tone då Biden møtte Johnson

Stemninga var god då president Joe Biden og statsminister Boris Johnson møttest for første gong i ein idyllisk landsby på den britiske sørkysten.
utenriks

Biden er på sin første utanlandstur som amerikansk president, og dei to møttest torsdag ettermiddag i Cornwall i Storbritannia, der G7-toppmøtet startar fredag.

Etter den heller kaotiske presidentperioden til Donald Trump karakteriserte Johnson Biden som «eit friskt pust».

– Vi har hatt eit flott møte, og det er mange saker vi vil arbeide saman om, sa Johnson og nemnde område som tryggleik, Nato og klimakrisa.

– Forholdet mellom USA og Storbritannia er strategisk svært viktig for verda, sa statsministeren.

Biden sa dei to hadde hatt eit produktivt møte, og han gjentok at USA og Storbritannia har eit spesielt forhold.

Biden sa vidare at dei to under møtet òg hadde oppdatert den 80 år gamle Atlanterhavserklæringa, avtalen som førte til at FN og Nato vart skipa.

Nord-Irland

Tonen var svært gemyttleg mellom dei to leiarane, men på førehand vart det ymta om at dei to hadde eit litt anstrengt forhold.

Biden var sterkt imot brexit, som Johnson kjempa for. Med sine irske røter har Biden også uttrykt uro for framtida til Nord-Irland etter at Storbritannia gjekk ut av EU.

Men etter møtet torsdag sa Johnson at han og Biden «har ein felles ståstad» når det gjeld Nord-Irland, og at dei er heilt samde om behovet for å finne gode løysingar og sikre at Langfredagsavtalen blir etterlevd.

– Begeistra

Då dei to leiarane poserte for fotografane før møtet starta, ønskte Johnson Biden velkommen til den vesle landsbyen Carbis Bay, der G7-toppmøtet startar fredag. Han la til at alle var «begeistra» over å få møte den amerikanske presidenten.

Biden kvitterte med å gratulere den nyleg nygifta Johnson med bryllaupet.

– Vi har begge gifta oss over vår stand, spøkte Biden.

– Eg er ikkje usamd med presidenten verken om det eller om noko anna, svarte Johnson.

Felles hjartesaker

Den britiske regjeringa har den siste tida arbeidd hardt for å framheve Johnson og Bidens felles hjartesaker, som klimakrisa og støtte til internasjonale institusjonar.

Men Johnson har òg vore frustrert over fråværet av ein ny frihandelsavtale med USA, medan Biden på si side har åtvara om at dersom britane går tilbake på brexit-forpliktingane sine overfor Nord-Irland, kan det setje frihandelsforhandlingane i fare.

Men på møtet på torsdag lova dei begge å arbeide for å trappe opp innsatsen for å få ein ny frihandelsavtale i hamn.


(©NPK)