ESB spår høgare vekst og inflasjon

Den europeiske sentralbanken (ESB) trur koronapandemien går mot slutten og justerer opp prognosane sine for vekst og inflasjon.
utenriks

Økonomien i EU-landa vil i år vekse med 4,6 prosent, trur ESB. Den førre prognosen lydde på 4 prosent.

Neste år spår banken ein vekst på 4,7 prosent, medan den førre prognosen lydde på 4,1 prosent. For 2022 er prognosen uendra og lyder på 2,1 prosent vekst.

ESB justerer òg opp prognosen for inflasjon i år frå 1,5 til 1,9 prosent. Neste år spår dei ein inflasjon på 1,5 prosent og i 2022 på 1,4 prosent.

– Vi er framleis eit stykke unna målet om 2 prosents inflasjon, seier sentralbanksjef Christine Lagarde.

(©NPK)