Deltavarianten står no for flest koronatilfelle i Storbritannia

91 prosent av alle nye tilfelle av koronasmitte i Storbritannia er no av deltavarianten, og det sjølv om landet leier vaksinekappløpet i Europa.
utenriks

Det opplyste helseminister Matt Hancock på ein pressekonferanse torsdag, fortel Reuters.

Hancock har tidlegare åtvara mot at deltaviruset, som først oppstod i India, er 40 prosent meir smittsamt enn alfavarianten, som dominerte den førre smittebølgja i landet.

Viruset spreier seg, sjølv om 60 prosent av den vaksne britiske befolkninga har fått den første dosen sin av koronavaksinen. 40 prosent av befolkninga er også fullvaksinert.

(©NPK)