Booking-gigant blir granska for omfattande skattejuks

Italiensk økokrim har starta etterforsking av reiselivsportalen Booking.com for omfattande skattesvik.
utenriks

Det nederlandsk-baserte selskapet blir mistenkt for å ha unndrege om lag 150 millionar euro, over 1,5 milliardar kroner, i skatt i åra 2013 til 2019.

Selskapet stadfestar at det har fått rapport frå politiet i Genova i Italia, som leier etterforskinga, og seier det vil samarbeide med politiet.

Booking.com er ein av dei største portalane i verda for reisebestilling.

(©NPK)